Kvalitetsplan for barn og unge 2022 – 2028 vart godkjent i kommunstyret 28.03.2022, og er ein del av kommunen sin strategi for å førebygga adferdsproblem og omsorgssvikt, jamfør ny barnevernlov. Kvalitetsplanen vil bidra til ei overordna forankring av det førebyggjande tilbodet og fordeling av kommunen sine ressursar til dette arbeidet. Den er viktig for å sikra forpliktande og systematisk innsats, og skal sjåast i samanheng med den konkrete oversikta over tiltak og med Kleppmodellen som handlingsrettleiar for barn og unge i risiko for å utvikla vanskar.
Hovudmåla i planen er at barn og unge i Klepp skal oppleva læring, meistring og utvikling, få oppleva å vera ein del av eit sosialt og fagleg fellesskap, veksa opp under trygge forhold og ha tilgang til eit variert kultur- og fritidstilbod.