Grunnmuren for barn og unge i Klepp
Grunnmuren er oversikta over helsefremmande og førebyggande tiltak som fins i Klepp, og som skal bidra til å førebygga omsorgssvikt og åtferdsproblem. Grunnmuren skal sjåast i samanheng med Kvalitetsplanen for barn og unge som syner overordna mål og strategiar, og tiltaksoversikta som syner korleis ansvaret skal fordelast og oppgåvene organiserast i kommunen.
Grunnmuren består av tre delar:
- Rammeverket som styrer arbeidet kring barn og unge og deira familiar.
- Tenestenivå viser ei oversikt over korleis dei ulike tenestene i Barn og unge arbeider for å nå måla i Kvalitetsplanen.
- Førebyggande arbeid viser korleis dei ulke einingane arbeider helsefremmande og forebyggande i tråd med strategiane i Kvarlitetsplanen.
I Kleppmodellen finn du ein konkret handlingsrettleiar ved bekymring, medan i menyane til venstre finn du grunnmuren for arbeidet me gjer for alle barn og unge i Klepp.
Meir info