Brukarmedverknad er ein lovfesta rett som har som mål å betra kvaliteten på tenestene ved at brukarane får reell moglegheit til å påverke val og utforming av tenestetilbodet.

I Klepp nyttar me systematisk brukarmedverknad gjennom ulike metodar, der tilsette si haldning om “ingenting om meg utan meg” står sentralt.

Brukarmedverknad skjer både individuelt og gjennom medverknadsorgan. Desse organa er til dømes kommunalt FAU, FAU ved den einskilde barnehage og skule, Barn og unges kommunestyre (BUK) og Klepp ungdomsråd (KUR). Desse vert involvert i tenesteutvikling og evalueringsarbeid i tenesteområde Barn og unge.

Når ein beslutning kan få direkte eller indirekte konsekvensar for barn, skal Barnets beste vurdering vera eit grunnleggande omsyn.

Foreldresamarbeid

Foreldresamarbeid i barnehage og skule er av høg kvalitet. Felles for alle er barnets beste og brukarmedverknad.

  • Oppstartsamtale/overgangsarbeid
  • Foreldremøter
  • Utviklingssamtaler
  • Brukarundersøkingar
  • Kommunalt FAU
  • FAU/SU