Tilbake

Inn og ut av kommunen

Siden er under utvikling/site is under construction.

Informasjon på andre språk/information in other languages;

  • English

Innbyggjar/familie frå Noreg

Viktige prosedyrar å kjenne til kring barn og unge:

  • Treng de barnehageplass?
  • Treng de skuleplass? Eleven har automatisk rett på skuleplass på nærskulen, ta direkte kontakt med aktuell skule.
  • Ved behov for tilpassa oppfølging skal arbeidet skje i tråd med Kleppmodellen. Barnehage, skule, helsestasjon, fastlege eller NAV kan starta/koordinera arbeidet.
  • Barn under omsorg frå barnevernstenesta; tilpassa oppfølging etter behov. Saksbehandlar i barnevernet skal koordinere eventuell oppfølging saman med barnehage/skule, jamfør Kleppmodellen.
  • Når barn frå andre kommunar bur i fosterheim i Klepp har “heimkommunen” ulikt ansvar ved tilpassa oppfølging, avhengig av om dagtilbodet er kommunalt eller privat. For barn i kommunale barnehagar og skular skal PPT i Klepp skrive sakkunnig vurdering ved behov, medan “heimkommunen” fatter enkeltvedtak og har økonomisk ansvar. For barn i private barnehagar og friskular har “heimkommunen” ansvar for all saksbehandling.

Norsk innbyggjar/familie frå utlandet

Viktige prosedyrar å kjenne til kring barn og unge:

  • Treng de barnehageplass?
  • Treng de skuleplass? Eleven har automatisk rett på skuleplass på nærskulen, ta direkte kontakt med aktuell skule.
  • Ved behov for tilpassa oppfølging skal arbeidet skje i tråd med Kleppmodellen. Barnehage, skule, helsestasjon, fastlege eller NAV kan starta/koordinera arbeidet.
  • Personnummer og folkeregistrert adresse vert ofte ein flaskehals for skuleplass/barnehageplass. Her finn du meir informasjon om dette.

Å flytta frå Klepp

Viktige prosedyrar å kjenne til kring barn og unge:

  • Når de flyttar ut av kommunen vil du miste plassen i barnehagen dersom den er kommunal, men ikkje dersom den er privat eigd og driven (les meir i barnehagevedtektene). De kan, etter søknad, beholde kommunal plass ut barnehageåret, eller ut desember – avhengig av kva tid på året de flyttar.
  • Kva må de tenke på når det gjeld skuleplass? Hovudregel er at ein får skuleplass på nærskulen ein flyttar til. I nokre tilfeller kan det vere aktuelt å søke om å behalde skuleplassen om ein flyttar ut av kommunen.
  • Det er behov for signaturer (samtykke) for overføring av dokumenter – dette ligg i Visma-appen.
  • Dersom ny kommune skal overta tilpassa oppfølging krevs overføring av dokument frå til dømes fastlege, pedagogisk-psykologisk teneste, Klepp tverrfaglege team og helsestasjonen. Avtal overføring av informasjon i eit samskapings-møte, jamfør Kleppmodellen.

Innvandra til Klepp

Viktige prosedyrar å kjenne til kring barn og unge:

  • Språkstasjonar
  • Håndbok for busetting av mindreårige flyktningar
  • Treng de barnehageplass?
  • Treng du skuleplass? Du har automatisk rett på skuleplass på nærskulen, ta direkte kontakt med aktuell skule.
  • Ved behov for tilpassa oppfølging skal arbeidet skje i tråd med Kleppmodellen. Skule, helsestasjon, fastlege eller NAV kan starta/koordinera arbeidet.
  • Personnummer og folkeregistrert adresse vert ofte ein flaskehals for skuleplass/barnehageplass. Her finn du meir informasjon om dette.

Oppfølging utanfor kommunen

Viktige prosedyrar å kjenne til kring opplæring og oppfølging av opplæringsplikta:

  • Endring av skuleplass innad i kommune eller ut av kommune; regelverket er tilpassa tilhøyr til nærskulen. Dersom foreldre vel eit anna alternativ for opplæring, vil regelverket endra seg. Du som forelder finn meir informasjon her.
  • Behov for eller endring av skuleskyss; alle som går i grunnskule (friskule) – må kontakta skulen, evt. be skulen bekrefte behov overfor kommunen. Elevar i VGO må kontakte VGS.
  • Dersom ny kommune skal overta tilpassa oppfølging grunna overført omsorg frå barnevernstenesta krevs overføring av dokument frå til dømes fastlege, pedagogisk-psykologisk teneste, Klepp tverrfaglege team og helsestasjonen. Avtal overføring av informasjon i eit samskapings-møte, jamfør Kleppmodellen.
  • Reiseutgifter
  • Opplæringspenger
  • Voksenopplæring hos StatPed
  • Behandlingsutgifter