Førebygging av utanforskap i skulen er avgjerande for å sikra at alle elevar opplever eit inkluderande læringsmiljø og har høve til å lykkast. Ei heilskapleg tilnærming til dette er svært viktig.
I Kleppskulen er vi blant anna opptatt av følgjande tiltak:
Positivt og støttande læringsmiljø
Me arbeidar systematisk for å etablera eit positivt og støttande læringsmiljø der alle elevar kjenner seg inkludert og verdsett. Positivt og støttande læringsmiljø kan oppnåast gjennom medvit og innsats frå lærarar og skuleleiing for å fremja respekt, toleranse og aksept for mangfald blant elevane.
Alle skulane har oppretta system på sin skule for å sikra ein felles praksis. Kvar skule har ein handlingsplan for trygt og godt læringsmiljø, kvar skule har ei ressursgruppe og dei arbeidar i profesjonelle læringsfellesskap for å sikra kontinuerlig kompetanseheving.
Tilpassa læringsmoglegheiter
Vidare er me opptekne av å tilby tilpassa læringsmoglegheiter som tek omsyn til individuelle behov og styrkjer hos elevane. Dette kan innebera differensiert undervisning, tilgang til ressursar som støttar ulike læringsstilar, og tilrettelegging i klassrerommet for elevar med spesielle behov.
Sosial – og emosjonell læring
Sosial- og emosjonell læring er ein sentral del av skulane sine fokusområde. I eit godt samarbeid med heimane søkjer me å utvikla dei sosiale ferdigheitene, empatien og sjølvmedvitet til elevane. Dette kan bidra til å førebyggja konfliktar, mobbing og utanforskap ved å fremja eit positivt klassemiljø og gode relasjonar mellom elevane.
Kleppmodellen
Kleppmodellen er i tillegg viktig for tidleg identifisering og oppfølging av elevar som viser teikn på utanforskap eller risiko for fråfall. Me arbeidar kontinuerlig med å følgja trinna i Kleppmodellen systematisk slik at me får sett inn rett tiltak, til rett tid.
Gjennom ei heilskapleg tilnærming som adresserer både fysiske, sosiale og emosjonelle faktorar, trur me at skulen kan bidra til å førebyggja utanforskap og skapa eit inkluderande læringsmiljø der alle elevar har høvet til å lukkast.
Trygt og godt barnehage- og skulemiljø
https://www.udir.no/laring-og-trivsel/skolemiljo/