Tilbake

Hjelpetilbod som alle kan nytta

Eksterne samarbeidspartnarar

Alternativ til Vold

Som en del av oppdragsavtalen med Klepp kommune bidrar ATV Stavanger med kompetanseheving til tilsette i kommunen. ATV Stavanger gir også behandling til både barn og voksne utsatt for vold, og voksne som utøver vold i nære relasjoner gjennom både individuell behandling, familierettet behandling og gruppebehandling.

Krisesenter

Krisesenteret er eit tilbod til deg som er utsett for vald eller overgrep frå partnar, familie eller andre du har eit nært forhold til. Senteret tilbyr vern, råd og rettleiing til kvinner, menn og barn. Senteret er interkommunalt og ligg i Stavanger.

Ambulant Akutt Team ved Jæren DPS

Teamet tilbyr hjelp til deg som er i ein vanskeleg situasjon eller akutt krise. Du kan sjølv ta kontakt på telefon i åpningstidene. Ved livstruande situasjonar som gjeld psykisk helse og sjølmordstankar, ring 113.

Barnevernvakt

Klepp kommune er del av barnevernvakta i Sandnes. Dett er barnevernets akuttberedskap. Hovudoppgåva er å hjelpa eller støtta barn og familiar i krise på kveldstid, i helger eller høgtider.

Vaksenopplæring via Bryne kompetansesenter

BKS tilbyr opplæring i norsk og samfunnskunnskap, grunnskuleopplæring og spesialundervisning for vaksne. Skulen gjer opplæringstilbod til innbyggarar busett i Klepp, Time og Hå.