Tilbake

Vald og overgrep

Førebygging av vald og seksuelle overgrep i Klepp

Å gje informasjon, spørje om og snakke om vald og seksuelle overgrep er førebyggjande tiltak som rettar seg mot alle barn og foreldre i Klepp. Både helsestasjon, barnehagar og skular har førebygging av vald og overgrep som eit viktig tema i tenestene sine.

Kommunen ønskjer å gje informasjon om temaet og vise at det finst hjelp, både til barn og foreldre, dersom det er behov for det.

Barn som har fått undervisning om vald og overgrep har ei betre forståing av at dette er ulovleg, og kan ha lettare for å seie ifrå om sine opplevingar enn barn som ikkje har fått denne kunnskapen.

Lista under er ikkje uttømande for all informasjon og undervisning som vert gitt i barnehagar og skular, men viser til det som er felles for heile kommunen. Utover dette kan det vere nokre ulikskapar i når og korleis vald og overgrep vert tematisert i dei ulike barnehagane og skulane.

TILTAKANSVARTIDSROMRESSURSAR BENYTTET
Svangerskapskontroll
Det blir stilt spørsmål om vald i oppvekst (både den gravide og partner). Spørsmål om partnervald blir stilt på eiga konsultasjon. Informasjon om skadeverknader og kvar ein kan få hjelp. Familier i risiko blir følgde opp.
JordmorKontinuerligFølgjer rettleiar i Stine Sofie Foreldrepakke.
Heimebesøk helsesjukepleiar
Opne spørsmål om foreldres eigen oppvekst, erfaringer når ein er sliten, syn på barnet. Identifisere behov kontinuerleg over 14 faste konsultasjonar i alderen 0-4 år.
Helsesjukepleiar7-10 dagar etter fødselFølgjer rettleiar i Stine Sofie Foreldrepakke.
Barseltreff
Viser «I trygge hender», «trøstetrappa».
HelsesjukepleiarBarnet er 3-6 veker.Følgjer rettleiar i Stine Sofie Foreldrepakke.
Helsestasjons-konsultasjonerHelsesjukepleiarKontinuerleg, men spesielt fokus på 3 mnd, 8 mnd, 18 mnd, 2 og 4 år.Følgjer rettleiar i Stine Sofie Foreldrepakke.
Oppstartsamtale i barnehage
Alle foreldre blir spurt om forhold knytt til vald og rus i samband med oppstartsamtale i barnehage.
BarnehageI løpet av tilvenningsperioden. Kommunal standard for foreldresamtale.
1. klasse konsultasjoner med elev og foreldre
Vald, overgrep og omsorgssvikt er eit av temaene i denne samtalen.
SkulehelsetenestaAlle på 1. trinn blir kalla inn med føresette i løpet av 1. skoleår. Nasjonale faglige retningslinjer.
2. trinns undervisning på skolen
Undervisning på heile trinnet, med mest fokus på seksuelle overgrep. Snakkar og om andre former for vald.
Samarbeid mellom Skulehelsetenesta og lærar3-4 undervisningstimer i året.Redd Barna sitt opplegg: “kroppen min eier jeg”, som også er ein del av opplegget “jegvet.no”.
5. trinns undervisning på skolen
Pubertetsundervisning: Snakkar om grenser og grenseoverskridande handlingar knytt til eigen og andre sin kropp.
Skulehelsetenesta1 time i løpet av året, trinnvis for gutar og jenter eller delt opp i mindre jente- og guttegrupper. Eiget utarbeidd opplegg, byggjer på nasjonale faglege retningslinjer.
6. trinns undervisning på skolen
Undervisning om vald og seksuelle overgrep.
SkulehelsetenestaHeile trinnet: 1 klokketime i løpet av året, der elevane er samla eller delt opp i klassar/grupper. Redd Barna sitt opplegg, som også er ein del av “jeg vet.no”.
8. klasse konsultasjon med elevar
Ein del av samtalen tek opp temaet fysisk og psykisk vald og seksuelle overgrep, kva det er og kva lova seier om det.
SkulehelsetenestaAlle elevane på trinnet blir kalla inn til samtale i løpet av 8. trinn. Nasjonale faglege retningslinjer.
10. trinns undervisning på skolen
Undervisning om seksualitet, grensesetjing og seksuelle overgrep.
SkulehelsetenestaHer er det nokre forskjellar mellom dei ulike skulene.Undervisningsopplegg som blir utarbeidd av helsesjukepleiar på den enkelte skule. I 2025 blir det laga eit felles opplegg i kommunen, som også tek utgangspunkt i undervisnings-opplegget «spør først».